Soga om Gunnlaug Ormstunge (utdrag)

No fór Gunnlaug frå Lade med seks mann, inn til Levanger. Han kom dit om kvelden den dagen Ravn sjølv femte hadde fare derifrå om morgonen. Derifrå fór Gunnlaug til Verdalen, og om kvelden kom han jamnan dit Ravn nett hadde vore. Gunnlaug heldt fram til han kom til Sul, øvste garden i Verdalen, og derifrå hadde Ravn fare om morgonen. Gunnlaug drygde da ikkje, men fór vidare straks om natta, og om morgonen i solrenninga såg dei kvarandre. Ravn var komen til ein stad der det var to vatn, og mellom vatna var det nokre slette vollar, som heiter Gleipnesvollane. Fram i det eine vatnet stakk det eit lite nes, som heiter Dinganeset. Der på neset stansa Ravn og følgjet hans, fem til saman. Grim og Olav, frendane hans, var der med han. Og da dei møttest, sa Gunnlaug: «Det er godt at vi har råka einannan.» Ravn svara at han ikkje kunne laste det, «og no kan du velje som du vil,» seier han, «anten vi skal slåst alle eller berre vi to.» Gunnlaug sa at det kom på eitt ut for han. Da sa frendane til Ravn – Grim og Olav – at dei ikkje ville stå der og sjå på medan dei slost, og det same sa Torkjel Svarte, frenden til Gunnlaug. Da sa Gunnlaug til jarlsmennene: «De skal sitje her og ikkje hjelpe nokon, men fortelje om møtet vårt.» Og det gjorde dei.

                Sidan gjekk dei mot kvarandre, og alle slost manneleg. Grim og Olav gjekk begge mot Gunnlaug og slost stordjervt, men enden på hopehavet deira var at han drap begge, men sjølv vart han ikkje såra. Dette sannar Tord Kolbeinsson i det kvedet han dikta om Gunnlaug Ormstunge:

 

Før han Ravn fekk røyne,

raske menn han felte.

Gondul unnte Gunnlaug

at Grimm og Olav fall.

Kaut han stod i kampen,

kvat i kvasse bloddrev;

Heltar tre han sende

heim til Odins hall.

 

Ravn og Torkjel Svarte, frenden til Gunnlaug, hadde søkt mot einannan, og Torkjell fall for Ravn og lét livet sitt. Og alle mennene deira fall til slutt. Da slost dei to, Ravn og Gunnlaug, med store hogg og kvasse åtak; dei gjekk på einannan reint i ofse. Gunnlaug hadde sverdet Adalrådsnaut, og det var eit særs godt våpen. Gunnlaug hogg omsider til Ravn eit veldig hogg; det tok foten av han. Ravn fall ikkje likevel, men drog seg baklenges bort til ein stubbe og stødde seg på den. Da sa Gunnlaug: «No er du ikkje kampfør; eg vil ikkje slåst lenger med deg, ein skamfaren mann.» Ravn svarar: «Det er så at leiken har gått ille ut over meg, men enda kunne eg vel greie meg ei tid om eg fekk noko å drikke.» Gunnlaug seier: «Svik meg da ikkje om eg hentar deg vatn i hjelmen min.» «Ikkje skal eg svike deg,» svarar Ravn. Så gjekk Gunnlaug til ein bekk og henta vatn i hjelmen sin og bar det til Ravn. Han tok imot det med venstre handa, men med sverdet i den høgre hogg han til Gunnlaug i hovudet så det vart eit ovstort sår. Da sa Gunnlaug: «Ille sveik du meg no, og umannsleg fór du fram mot meg som trudde deg.» Ravn seier: «Det er sant, men det dreiv meg til dette at eg ikkje unner deg Helga den fagres fangtak.» Så slost dei på nytt i ofse. Men til slutt gjekk det så at Gunnlaug vann på Ravn, og Ravn lét livet sitt der. Da gjekk jarlsmennene fram og batt for såret i Gunnlaugs hovud. Han sat imedan og kvad denne visa:

 

Ravn, den dugande drengen,

djervleg til strid meg møtte,

hardt sine hogg han førte,

hugheil var all hans ferd.

Krigar, i kvasse åtak

kunne du sjå i dag at

sverdhogga mot meg susa

stormkvast på neset her.

 

Sidan stelte dei med dei falne, sette så Gunnlaug på hesten hans, og nådde heilt ned til Levanger med han. Der låg han i tre dagar og fekk all teneste av presten. Så døydde han, og vart gravlagd ved kyrkja. Alle tykte det var stor skade dette med Gunnlaug og Ravn, at dei skulle late livet sitt på denne måten.

 

Frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, omsett av Jakob Fjalestad.

 

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 05.02.2013

© Cappelen Damm AS