Olav og Kari

I

Olav sat heime i åtte år,

– Trø meg inkje for nære –

fyrr han ville si mo’eri sjå.

– På vollen dansar mi jomfru.

 

Det niende tek’e til lide,

han ville til si mo’eri ride.

 

II

«Høyrer du Olav, sonen min:

hosse likar du gifta di?»

 

«Sosso likar eg gifta mi,

som eg drikk’e bå’ mjø’ og vin.

 

Sosso likar eg gifta god,

som kvòr den dagjen å drikke jol.»

 

«Eg såg henne Kari ride

i gjår med elveside.

 

Ho ha’e kje anna til hest,

hell kvite bjønnen ho lika best.

 

Ho ha’e kje anna til beisle-ring,

hell frånarormen ho slengde ikring.»

 

«Det mune dei på henne ljuge –

gud nå’e den som slikt trudde!»

 

«Hosse kan graset på jordi gro,

når sonen må inkje mo’eri tru»

 

III

Olav han spring på gangaren grå,

så hastig ri’e han derifrå.

 

Kari ho ser seg ut så vide,

så ser ho’n Olav etter halline ride.

 

Ho gjordest bå’ blå og bleik:

«No ser eg Olav at han er vreid»!

 

Ho skodde si hònd, ho skodde sin fot,

så gjekk ho herren sin syrgjeleg imot:

 

«Høyrer du Olav, herren min:

hot tiend fekk du hjå mo’eri di?»

 

«Ho sa, ho såg deg ride

i gjår med elveside.

 

Du ha’e kje anna til hest

hell kvite bjønnen du lika best.

 

Du ha’e kje anna til beisle-ring,

hell frånarormen du slengde ikring.»

 

«Det mune dei på meg ljuge –

gud nå’e den so slikt trudde!»

 

«Hosse kan graset på jordi gro,

når sonen må inkje mo’eri tru?»

 

Han la til henne med tynnyrtein,

serkjen rivna, og holdet seig.

 

Han la til henne med tynnyrkvast,

serkjen rivna, og holdet brast.

 

«Olav, Olav, slå inkje leng’!

No hev eg fengji min hjartespreng.»

 

Han tok’a Kari i sitt fang,

så bar han henne på silkjeseng.

 

«Du dreg’e serkjen utor blodet,

du sender han til mi mo’er!

 

Du bed, ho tvær han rein’e

og gifter kje døttrar fleire!»

 

IV

Kari kom seg til himmeriks dør,

jomfru Mari slept ‘a innanfyr.

 

Jomfru Mari tukke fram ein stol:

«Sit, liti Kari, og kvil din fot!»

 

«Du tar inkje rydje sess fyr meg,

eg er inkje for god til stande fyr deg.

 

Eg er inkje trøytt, eg kan vel stå, –

men må Olav himmerikje få?»

 

«Sit, liti Kari, og kvil deg på –

Olav han skò himmerikje få.»

 

«Eg er inkje trøytt, eg kan vel stå –

men må Olavs mo’er himmerikje få?»

 

Jomfru Mari ho svara så:

– Trø meg inkje for nære –

«Olavs mo’er kan kje himmerikje få.»

– På vollen dansar mi jomfru.

 

Frå Utval av norske folkeviser, ved Knut Liestøl og Moltke Moe, 1971.

Cappelen Damm

Sist oppdatert: 05.02.2013

© Cappelen Damm AS