Andvake (utdrag)Jon Fosse (f. 1959) Asle og Alida gjekk kringom i Bjørgvins gater, over skuldra bar Asle to byltar med alt det dei åtte og i neven bar han feleskrinet med fela han hadde ervd etter far Sigvald, og Alida bar på to nett med mat, og no hadde dei gått kringom i Bjørgvins gater i fleire timar og prøvd å finna seg husvære, men det var som umogeleg å få leigd seg hus nokon stad, nei, dei sa, me har diverre ikkje noko å leiga ut, nei, dei sa, det me har til utleige er alt utleigd, slikt sa dei og så måtte Asle og Alida halda fram med å gå kringom i gatene og banka på dører og spørja om dei ikkje kunne få leiga seg rom der i huset, men ikkje i nokon av husa var det rom å få leiga, så kvar skulle dei vel gjera av seg, kvar kunne dei vel finna ly for kulden og mørkret no seinhaustes, einkvan staden måtte dei vel kunna få leiga seg rom, og det var då endå godt det ikkje regner, men snart byrja det vel å regna òg, og dei kunne ikkje berre bli gåande slik, og kvifor ville ingen hysa dei, kunne det kanskje vera fordi alle godt kunne sjå at Alida snart skulle føda, det kunne jo skje kva dag som helst, slik ho såg ut, eller var det fordi dei ikkje var vigde og dimed ikkje var for skikkelege ektefolk, og for skikkelege folk, å rekna, men kunne vel nokon sjå det på dei, nei det gjekk vel ikkje, eller kanskje var det mogeleg likevel, for noko måtte det vera som gjorde at ingen ville gje dei hus […] Eg har sett for mange slike som deg i livet, seier ho Eg har dei stadig vekk her i huset, seier ho Og så skal eg gje dykk hus, seier ho Eg skal hysa deg og den ufødde lausungen din, seier ho Kva er det de trur om meg, seier ho At eg skulle vera ei slik ei, eg, seier ho Nei gå no, seier ho og så slår Kona ut med den frie armen sin og føyser dei bort Men, seier Asle Ikkje noko men, seier Kona og ho ser mot Alida Eg har hatt for mange som deg i huset alt som det er, seier Kona Slike som deg, seier ho Slike som deg fortener ikkje anna enn å gå ute og frysa, til ikkje anna er råd, seier ho Tenk å stella seg slik, seier ho Tenk å tenkja seg så lite om, seier ho og Asle legg ei hand om skuldrene til Alida og fører henne inn i gangen og så lèt han døra bak henne Nei veit du kva, seier Kona Nei at eg skulle oppleva dette òg, Herre Jesus, seier ho og Asle set frå seg byltane og feleskrinet der i gangen og så går han bort til Kona og han tek tak i lysestaken og han løyser grepet til Kona og så står han der og held lyset mot Alida Dette skal kosta deg dyrt, seier Kona Slepp meg forbi, seier ho og Asle sperrar vegen for henne Gå inn du, seier han og Asle opnar ei av dørene der i gangen og held lyset inn i rommet Gå inn på kjøkkenet du, seier han og Alida blir ståande Gjer det, gå inn på kjøkkenet, seier Asle og Alida går inn den opne døra og ho ser at det står eit utent lys på bordet der ved vindauga og ho går bort til bordet, ho set frå seg netta sine på bordet og så kveikjer ho lyset og ho set seg ned på ein krakk ved bordet og ho ser mot den opne døra og ho ser Asle stå der i gangen og halda rundt munnen til Kona og så lèt Asle att døra […] Søv du, seier han Ja eg sovna visst, seier Alida og ho ser at Asle står der attmed benken med eit lys i handa og i logen ser ho berre dei svarte augo hans og i augo ser ho røysta til far Aslak då han song til henne, den gong då ho lita var, før han forsvann og for alltid var borte Skal me få oss litt å eta, seier Asle Eg er svolten, eg, seier han Eg er nok svolten eg òg, seier Alida og ho set seg opp på kanten av benken og no er det varmt vorte på kjøkkenet, varmt og godt, og kvitelen opnar seg og så sit ho der og brysta veltar tunge over den store og runde magen hennar og så ser ho Asle kle av seg og han set seg ned attmed henne og han legg armen sin rundt skuldra hennar og så legg dei seg ned og dei blir liggjande inntil kvarandre med kvitelen breidd over seg begge Berre kvila litt fyrst, seier Asle Du har jo nesten ikkje sove på aldri så lenge, seier Alida Nei, seier han Du må vera veldig trøytt, seier ho Ja, seier Asle Og svolten, du er svolten òg, seier Alida Ja veldig svolten, seier han Fyrst kvila litt, og så eta, seier han og Asle og Alida ligg der attmed kvarandre og held seg inntil kvarandre og så ser Asle båten segla så fint og jamt framover, og der borte, der kan Bjørgvin by sjåast, husa i byen Bjørgvin, no er dei der straks, no er dei endeleg fram komne, og han ser Alida sitja der i framskuten og båten sig framover og no er alt godt og no har dei klart det, no har dei klart å koma seg til Bjørgvin og no skal deira liv byrja og han ser Alida reisa seg opp og ho står veldig der i framskuten og Asle kjenner at slik han er laga, så er ikkje han sjølv så viktig, det er det store svevet som er viktig, det har spelinga lært han, det er vel spelemanns lagnad å vita slikt, og for han heiter det store svevet Alida
Frå Andvake, 2007 |
||